Hopp til innhold

Skifest i Røldal

I helga vart den utradisjonelle, og etter kvart tradisjonelle, Røldal nedOpp arrangert. Det er det arrangementet i Hordaland som har flest nasjonale skistjerner frå dei ulike skigreinene i skiforbundet representert. Det var fleire kjenningar både på sigerspallen og på startlistene.

I herreklassen var det den allsidige skiløparen Harald Astrup Arnesen som vann. Han har vunne dette rennet fleire ganger før, og viste at han er best på kombinasjonen storslalom og langrenn. I dameklassen var det Oppdals Silje Øyre Slind som vann.

Resultat frå Røldal nedopp 2015

Bileter og intervju frå røldal nedopp