Hopp til innhold

Sjur Røthe under feiring av seieren av 50 km i Holmenkollen, på årets siste verdscuprenn.(foto: langrenn.com)

Sjur Røthe vann WC avslutning

50 km verdenscup i Holmenkollen er det rennet, utanom meisterskap, som er gjevast å vinne. Ein skikkeleg manndomsprøve i eit av dei renna i verda med størst historisk kraft. Historien sitt siste kapittel er skrevet med Sjur Røthe frå Voss som den store overskrifta.

Sjur Røthe frå Voss il, som tidligare i sesongen har hatt mykje trøbbel med bla sjukdom og ryggplager, slo tilbake med sitt beste resultat og prestasjon i sin flotte skikarriere. Etter ein oppløftande 9 plass i vm, så viste Sjur at han ikkje var langt vekke frå dei beste, når kroppen virkar. Til avisa Hordaland så hadde Sjur tru på ei god 5 mil i verdcupavslutninga.
At han skulle vinne var nok i overkant av kva dei fleste kunne håpe på. Det var allikevel det han gjorde. Han viste både kapasitet og rå vilje, når han med minst muleg margin kryssa mållinja føre Dario Cologna frå Sveits.
I Hordaland skikrets er me stolte over Sjur Røthe, og kva han har fått til. Store gratulasjonar!
Intervju og resultat frå langrenn.com

Sak frå avisa Hordaland