Hopp til innhold

Hovudlandsrennet på Stokke

Det vart ei kjekk helg på Stokke for ungdomane frå Hordaland, når årets Hovudlandsrenn i langrenn vart arrangert.

Helga i Stokke starta på best mogleg vis med Emma Skjoldli sin siger på friteknikkdistansen. Eivor Vestrheim Skjerven fulgte her opp med ein flott 22 plass i same klassen. Også ho er frå Bulken. Anniken Ravnå, Viking, var ikkje mykje bak og vart nummer 35. Julie Roll Tørnquist frå Fana vart 55. Flott laginnsats av jentene i den eldste klassen! Blant jentene i 15 års klassen vart Guro Skjeldal frå Bulken nummer 49. Karen Aarskog Sætersdal frå Viking vart her 72.
I den eldste guteklassen gjekk August Sandnes frå Fana seg inn til ein flott 33 plass blant over 300 startande. 
Blant gutane i 15 års klassen så imponerte Olve Ure frå Voss med ein 16 plass. Olav Sivertsen Mønstre frå Fana gjorde og eit flott løp og vart 38.
Resultater frå fredagens friteknikk

Laurdagen var det sprint som sto på programmet. Dette var i klassisk stil. Her viste Emma Skjoldli frå Bulken at ho kan både friteknikk og klassisk. Laurdagens sprint førde ho nok ein gang opp på premiepallen i klassen j16, med sin 3 plass! Og dei andre Hordalandsjentene i klassen imponerte også. Sigrid Haugland og Anniken Ravnå frå Viking vart henholdsvis 11 og 17. Og Nina Tveite frå Fana og Eivor Vestrheim Skjerven frå Bulken vart 57 og 59. Det er nok ein av dei sterkaste klasseprestasjonane frå Hordaland i eit hovudlandsrenn på lang tid. I den yngste jenteklassen(j15), så vart Karen Aarskog Sætersdal nummer 100 blant nærare 200 startande.
Blant dei yngste gutane så fekk Stian Gjøstein frå Viljar ein flott 52 plass. Og Olav Sivertsen Mønstre frå Fana vart 111. For fleire Hordalandsløparar, sjå
resultat frå sprint klassisk hovudlandsrennet

Søndag var det duka for kretsstafettar. Her plasserte Hordaland skikrets seg godt opp på listene samanlikna med fjorårets hovudlandsrenn. Det er ikkje tvil om at det vert arbeida godt i klubbane og blant utøvarane. Det var jentene som var høgast opp med sitt fyrstelag på 11 plass. Dei andre laga vart 34 og 67. Flott innsats av jentene!
Gutane gjorde også ein god stafett, og klatrar på resultatlista med alle lag. Dei vart: 24,53 og 99 med sine lag.
Det vart ei kjekk helg for gjengen frå Hordaland, som altså tok med seg ein siger, ein tredjeplass og mange andre gode prestasjonar på vegen!