Hopp til innhold

Hordalendingar i Telenorlekene

Årets Telenorleker vart arrangert i Bardufoss. Der var det ein delegasjon i frå Hordaland. Anna Bryn Mørkeset frå Voss alpin var ei av dei. Ho plasserte seg blant dei 10 beste på alle øvelsar!

Det var fleire frå Hordaland som gjorde det bra i konkurranse med dei beste i landet. Nemnte Anna Bryn Mørkeset vart nummer 5 i storslalom, 7 i slalom og 10 i super-g. Stabile resultat heilt i toppen i dei ulike disiplinane er imponerande.

Eirik Gjeralstveit frå Voss alpin sin 24 plass i slalom og Tonje Hånes Lund, Voss alpin, sin 19 plass i storslalom er også flotte resultat.

For fleire resultat frå Hordalendingar, bilder og anna frå telenorlekene, følg linken under.
Resultat telenorlekene 2015