Hopp til innhold

Chris Jespersen,il Korlevoll-Odda på veg mot ein super 8 plass i vm på ski i Falun.

Sjur og Chris med gode renn i VM

Både Chris Jespersen frå Korlevoll og Sjur Røthe frå Voss imponerte på vms 15 km friteknikk. Det vart 8 og 9 plass på dei to store langrennsførebileta i skikretsen!

Det vart ei gledeleg resultatliste på onsdagens 15 km i vm. Verken Chris eller Sjur har vore stabile i toppen på dei internasjonale renna i vinter. Medan Chris har vore meir stabil, så har den heilt store formen frå i fjor uteblitt. I går viste han at den ikkje er langt unna med sin 8 plass!
Sjur har hatt ein både ustabil og trøblete konkurransesesong. Både sjukdom og ryggtrøbbel har bidrege til ustabile prestasjonar. Spesielt i det siste, så har Sjur hatt mykje trøbbel. På bakgrunn av dette, så var gårsdagens 9 plass særs oppløftande!
Oppsummert så fekk altså Hordaland skikrets 2 løparar blant dei 10 beste i verdsmeisterskapet i langrenn. Gratulasjonar til løparane og klubbane frå ein stolt Hordaland skikrets! 

Ein fornøyd Sjur etter gårsdagens 15 km.

I løypa viste Sjur at han verkeleg er ein av dei beste i verda!