Hopp til innhold

Biltete viser Gaute Kvåle(startnr 11), føre landsmannen Ole Jørgen Bruvoll undervegs på dagens 20 km.

Røldøl blant verdas beste

Gaute Kvåle, Røldal il, er for tida i Almaty i Kazakstan. Der representerer han Norge i junior vm. Etter ein 45 plass på onsdagens 10 km skøyting, vart det i dag ei stor forbetring med sin 17 plass på 20 km duathlon!

Den imponerande skiløparen Gaute Kvåle er blant verdas beste skiløparar på sin alder denne veka. Etter 2 konkurransar viser han sterk formutvikling. Det som gjenstår i meisterskapen er stafettane. Då får me kryssa fingrane for at Gaute får gå, og at han fortset formutviklinga!

Resultat 10 km friteknikk 4 feb
Resultat 20 km duathlon 6 feb