Hopp til innhold

Sjur Røthe frå Voss fekk bronse på torsdagens 15 km. Dette bekrefta form, og vart løna med plass i den Norske troppen til VM!

Hordalendingar i NM på ski

Årets NM  på ski for senior var prega av uttakningspress til VM og topp forebudde løparar. Å hevde seg i NM krev mykje av løparane. Det var tydeleg at løparane frå Hordaland også var godt førebudde. 
Nm starta med 15 km friteknikk for herrene. På denne distansen så gjekk Sjur Røthe frå Voss il seg inn til 3 plass. Sjur hadde i likhet med mange andre vm-aktuelle løparar press på sine skuldrar før start. Her måtte det visast form! Med dette rennet fekk han vist at han tåler både press og har formen inne. 3 plassen gav han plass i troppen til Norge, under VM!
Ein annan frå Voss er Vebjørn Turtveit. Han er berre første års senior, men går like fort som dei røynde karane. Etter ein 10 plass på 15 km friteknikk etterfulgt av ein 15 plass på duathlon 30 km, så vart han belønna med henholdsvis 3 plass og 1 plass i den separate u-23 klassen for dei under 23 år!
Blant dei andre løparane frå Hordaland så fekk Torgeir Skare Thygesen ein 22 plass på 15 km friteknikk. Han har ikkje vore i sin beste form i det siste, så sjølv om han er skuffa, så er det ei flott plassering.
Sturla Lie frå Viking, som er ein løpar i utvikling, fekk ein flott 48 plass på duatholon 30 km. Joel Dyrhovden plasserte seg også fint med ein 52 plass på same distansen.
Einar Flaktveit Moxnes var veldig nære å kvalifisere seg til finalane i sprinten, men snaue 3 sek var det som skilte frå kvalifiseringsgrensa.
Nm vart litt amputert for Hordalandsklubbane med tanke på klubbstafettane. Der fekk verken Voss eller Korlevoll stilt lag, sidan Chris Jespersen var sjuk(Korlevoll) og Sjur måtte prioritere Vm førebuingar(Voss). Det gjorde at berre Viking og Fana fekk stilt lag frå kretsen. Viking gjorde her ei ny personleg beste notering, med sin 32 plass. Her gjekk Einar Flaktveit Moxnes, Eirik Finne og Sturla Lie.
Til slutt så må me nemne at sjølv om Chris Jespersen var sjuk under NM, så vart også han tatt ut i den Norske troppen til Vm. Då har me noko ekstra å gleda oss over fram mot Vm, og ynskjer dei to lokale skiheltane lykke til i førebuingane og i VM!
Og heilt til slutt eit bilete av kanskje kretsens neste deltakar i komande meisterskap, Vebjørn Turtveit, som altså vann u-23 klassen på laurdagens duathlon.