Hopp til innhold

Bilete frå Voss-ski og tursenter i veka før sesongstart 2015

Voss sparebankrennet vel gjennomført

Trass intenst regnver dei siste dagane, så fekk Voss il gjennomført eit godt opningsrenn for sesongen. Det var 158 som nytta høvet til å starte langrennssesongen denne søndagen. Sjå resultat.

Veret stoppa ikkje verken deltakarane eller arrangøren i å starte kretsen sin konkurransesesong. Det var jamnt bra deltaking i dei fleste klassar. Raskaste dame på lengste distansen var Vargars Karoline Simpson-Larsen. Blant herrene var det Hans Inge Klette frå Viljar som var raskast på lengst løypa. Begge desse løparane er framleis juniorar, og skal i år konkurrera i den eldste juniorklassen, når Norgescupen byrjar over jul.

Resultat Voss sparebankrennet

Langrennssesongen i skikretsen fortset med dei 2 tradisjonsrenna på Seljestad og i Røldal 2. og 3. juledag.