Hopp til innhold

Rapport frå juniorsamling i langrenn

Langrennsjuniorane i skikretsen hadde samling på Voss ski- og tursenter. Det vart ei skikkeleg god samling! Sjå rapport og bileter frå ein av trenarane.

 Samlinga starta fredag ettermiddag. Etter at alle hadde innlosjert seg arenahuset i Voss Ski og Tursenter var det klart for elghufs/løp intervall med staver. Med hovelykt og refleksvest vart bakkane frå Bordalssida opp mot toppen av Herresåsen forsert. Litt guffent vær, men ingen sure miner. 

Etter dusj og kveldsmat var det eit lite infomøte frå kretsen før løparane etterkvart gjekk til ro for kvelden.

Etter ein god frukost som inkluderte havregraut og brødmat var det tid for rulleski skøyting i rulleskiløypa. Terkselintervaller i sone 3 sto på programmet. I drag var 1 runde i løypa (noko mindre på yngste jenter). Og det vart gått ifrå 3 til 7 drag alt etter alder. Pause på 2 minutter.

På andre økta laurdag var det jogg til oppvarming før litt snøggleik (hurtighet) og spenst. Så var det inn i arenahuset som for anledningen var gjort om til styrkerom. Her vart det køyrt ein god halvtimes generell styrketrening. Etter dusj og lasagne til middag var det tid for litt avslapping før gruppa vart samla til felles sosiale aktiviterer. Utøvarane vart delt inn i fire grupper som fekk ansvar for å laga kvar sin rett til kveldsmaten. God kreativitet og bra innsats blant alle gav mykje god mat. Kvelden vart avslutta med quiz.

Søndag var det langtur på programmet. Her fekk utøvarane oppleve kalde lange myrer og flott fjellandskap i flott haustvær. Dei som sprang raskast var opp på Grønahorgi 1166 moh. Vart ein fin tur for alle. Tilbake i arenahuset var det tid for dusj, lunsj og utrydding og vask. Gjennom heile helga har nokre utøvarar fått ansvar for å lage til og rydde etter måltid og no fekk dei resterande ansvar for sine vaskeområder. Dette har fungert veldig bra og alle har bidratt.

Takk til alle utøvarar, trenarar og foreldrehjelp for at det vart ei flott samling!

For Vossalangrenn,
Vh Tore Tveito

Sjå bilete frå samlinga!