Hopp til innhold

Påmelding til juniorsamling Ål

Skigymnaset på Voss inviterer skikretsen sine juniorar i langrenn til samling på Ål frå 29. november til 4. desember. Påmeldingslink til samlinga gjeld alle juniorane som ikkje går på skigymnaset. Er det nokon som er 16 år, og skal byrje på skigymnas neste år, så er dei også invitert til å vere med på denne samlinga frå onsdagen av.

Samlinga vil føregå på Liatoppen i Ål. Det går an å reise med tog og verta transportert opp til Liatoppen med bil av skigymnaset. For dei som er juniorar, så er det oppmøte frå søndag. Dei som skal byrje på gymnaset til neste haust, vert tatt i mot onsdag 2. desember og har samling fram til fredag.

Fristen for påmelding til samlinga er 24. november. Med bakgrunn i at det er få plassar der ein får trent på snø nå, så kan det vere plassmangel. Det vert oppdatert rundt dette på tirsdag 25. november.

Detaljar rundt samlinga vert oppdatert tirsdag 25. november. Då vil endeleg bekrefting på stad og gjennomføring verta publisert på heimesida og facebook.

Påmelding til juniorsamling langrenn Ål