Hopp til innhold

Godt oppmøte på snøtung dag(foto: Hardanger folkeblad)

Km helga i langrenn vel overstått

Sjå resultat frå helgas kretsmeisterskap i Røldal og på Seljestad. Sjå også oppdatert samanlagtliste i kretscupen.

Laurdagen så var det 223 løparar som fullførde den klassiske delen av kretsmeisterskapet. Røldal il arrangerte rennet med utfordrande smøreforhold med rundt 0 grader. Dette er som kjent den store skrekken for travle foreldre og leiarar. Trass i dette så var det gode forhold og kretsmeistrar vart kåra. Raskast dame i den lengste løypa var Guro Tveito, Voss il. Blant herrene så var det nykomaren Sebastian Knappen frå Fana il, som var raskast på 15 km.
Resultat KM klassisk Røldal
Link til sak på Hardanger folkeblad

Søndagen var det Korlevoll som inviterte til friteknikk. Her var det 245 deltakarar som fullførde. Raskaste dame i 10 km løypa var Unni Geitle Nesthus i k19/20. Raskast herre, på 15 km løypa var Joel Dyrhovden frå Samnanger il.

Resultat km friteknikk Seljestad 

Etter denne helga, så må me takke Røldal il og il Korlevoll, for vel gjennomført arrangement. Neste renn i kretsen er Fanarennet som går fyrstkomande laurdag, etterfulgt av Bulkarennet på søndagen.

Kretscupen for aldersgruppa 13-20 år er nå oppdatert etter helgas kretsmeisterskap. Det er nå gjennomført 6 poengrenn.
Samanlagtstilling kretscupen etter 6 renn