Hopp til innhold

Det var flotte forhold på Lygna, når juniorane frå Hordaland konkurrerte mot dei beste i landet. Det klarte dei fint!

Hordaland skikrets sine juniorar på Norgescup i langrenn

Det var nokre skikkeleg spreke juniorar Hordaland sendte avgårde til første Norgescuphelg i langrenn på Lygna.

Fredagens løp var i friteknikk. Der vart det mange frå Hordaland som gjorde sine beste løp i nasjonal samanheng. Det var jentene  som var først ut. I den yngste klassen vart Eva Charlotte Eiking nr 51. Som er ein fin debut i Norgescupen. I klassen over fekk Karoline Simpson Larsen vist noko som mange i kretsen har tenkt; ho må vere god på nasjonalt plan også!? Ja, det er ho! 2 plass vart det på Vargarløparen. Dei andre jentene frå Hordaland, i same klassen, gjorde også supre løp. Sunniva Sausjord frå Eldar og Mona Songve frå Vargar fulgte opp med 16 og 24 nde plass.

Blant gutane så gjorde Kristian Skjeldal eit godt løp, med sin 35 plass i den yngste klassen m17. I same klassen vart Kasper Rønning Komnæs 42. I klassen over, viste Erling Fagerbakke Fosse at han konkurrerer på eit høgt nivå, også i år. Det vart ein super 4 plass for løparen frå Bergsdalen. Hans Inge Klette frå Viljar fulgte opp med ein like imponerande 9 plass. I den eldste guteklassen vart Gaute Kvåle frå Røldal/Hsg nummer 5. Der skilde det berre 22 sek til sigeren. Med dette løpet i lag med mønstringsrenna på Sjusjøen før jul, så ser det svært lovande ut med tanke på deltakelse for Norge i årets junior Vm.
Etter slike resultat, på åpningsdagen av Norgescupen, så vart det ei fortent feiring med kake. Der var det Karoline Simpson Larsen som fekk æren av å ta det fyrste stykket:)


Laurdagen var det sprint i klassisk stil på programmet. Der var det jentene som var best blant løparane frå Hordaland. Karoline Simpson Larsen vart til slutt nummer 16 i k18. I same klassen gjorde Anna Lussand Selheim frå Viljar sine saker bra og vart nummer 27.

Søndagen var det distanserenn i klassisk på programmet. Eva Charlotte Eiking gjorde nokre steg opp frå fredagens friteknikkrenn, og vart 48 i den yngste klassen. Karoline Simpson Larsen frå Vargar fulgte opp ei super helg med ein ny tur på podiet. Denne gangen vart det 3 plass. Berre 1 lite sekund i frå 2 plassen. Sunniva Sausjord frå Eldar fekk ein fin 18 plass og Anna Lussand Selheim med 38 og Mona Songve med 39, bekreftar den sterke 18 års klassen frå Hordaland.
Blant gutane så var det Kasper Rønning Komnæs, Fana, som tok eit stort steg opp på resultatlista med sin 19 plass. I den same klassen (g17) så vart Kristian Skjeldal 47, medan Skjalg Espeland gjekk eit flott løp og vart 55.
Blant 18 åringane gjekk Hans Inge Klette seg inn til nok ein flott 9 plass. Erling Fagerbakke Fosse var hakk i hel på 12 plass. 2 renn blant dei 12 beste for desse er imponerande i Norgescupen.
I eldste klassen vart Gaute Kvåle frå Røldal nummer 14 (bra for han at dette ikkje var så aktuelt for uttak til junior vm, sidan distansane der er friteknikk og duathlon). Torstein Haaker Dagestad frå Bulken vart her 68.

Det var fleire Hordalandsløparar med denne helga, og neste gang dei reiser så er det Norgescup på Nes. Utan det gode støtteapparatet, så vil ikkje løparane få så gode resultat. Ei takk til dei, med eit illustrerande bilde til slutt!