Hopp til innhold

Samling i Prestegardsskogen idrettshall. Starten på ei flott treningssamling.

Vellukka kretssamling og rulleskirenn på Stord

Over 50 skiløparar stilte i helga på kretssamling for aldersgruppa 13-16 år. Stord il arrangerte både kretssamlinga og rulleskirenn på søndagen. Sjå bilete og resultatliste.

Det var mykje rulleskigåarar i den flotte rulleskiløypa til Stord il, når treningsamling for 13-16 åringar og kretsrenn på rulleski vart arrangert same helga. Deltakarane på samlinga skrøyt over god mat, gode økter, billig kiosk og ein blanding mellom slitsomt og morsomt. Arrangørstaben på Stord stod skikkeleg på, for å lage ei bra helg for gjestene. Og bra, det vart det!

  

Helga vart avslutta med rulleskikonkurranse i klassisk stil, som nokre av bileta over er frå. 60 deltakarar var med på konkurransen som avslutta ei flott langrennshelg på Stord.

Resultat