Hopp til innhold

Vel overstått Haustcamp

Over 100 i aldersgruppa 11-15 år var i helga med på Haustcamp. Ungdomane fekk verkeleg varierte utfordringar. Det var samstundes leiar- og foreldrekurs. Sjå bilete.

Det var både strålande ver og strålande ungdomar som inntok Bømoen, for ei tradisjonsrik akvitvitetshelg. Det vart samstundes arrangert kurs på laurdagen, tiltenkt leiarar og foreldre.


Fredags kveld var det natttorientering. Dette var noko som gjekk imponerande bra blant samtlege av dei 26 laga som starta. Av dei raskaste vart det sprunge på 11 minuttar på den 1,8 km lange løypa. God informasjon og løpsplanlegging med Voss il si orienteringsgruppe, hjelpte på. Ps! Jentelaget som var nest siste startande sprang forøvrig på 13.32 og var det tredje raskaste laget:), så då må arrangøren beklage at det vart tvil om tredjeplassen på premieutdelinga. Gutelaget gjorde det også bra, men klokka inn på 14.04...








Laurdagens aktivitetar starta med over 100 stykker på sykkel ned til idrettshallen. Der var det 3 timar med fullt kjør, før det vart sykla oppatt til leiren for lunsj. Etter lunsj var det ny økt med hinderløype, sykkel og bla "capture the flag" som bilete over viser. Dei 2 eldste gruppene vart transportert opp til klatreparken for ei økt med klatring og høge utfordringar. Etter taco til kvelds var det tid for den uhøgtidlege femkampen. Her var det Team gaffateip som noko ufortent stakk av med sigeren.

Medan øktene og programmet gjekk på laurdagen så vart det arrangert leiar- og foreldrekurs.


Heidi Hatlen frå idrettskretsen fortalte om klubbadmin og idrettsregistrering.

Bent Kvamme, som har hatt ansvar for bla skiundervisning på Norges idrettshøgskule, heldt eit føredrag om helse, trening og skiglede.

Steinar Røthe hadde skismurningskurs, der han bla fortalte korleis ein kan gjere gode ski utan å gjere det alt for innvikla.


Søndagen vart brukt til greinspesifikk økt. Her nytta langrenn rulleski, medan rollerblades og joggesko vart nytta av alpint/hopp/kombinert. Takk til dei kjekke utøvarane i skikretsen som viste både pågangsmot og positiv innstilling til nye utfordringar!

Takk og til leiarar og foreldre som nytta høvet til å få litt fagleg oppdatering på laurdagen!