Hopp til innhold

Oppbremsing etter hastigehetar på 20, 25 og 30 km/t

Bremselengd på rulleski

Trafikksikkerhetsprosjektet med Vegvesenet og Norges skiforbund er i full sving. Denne veka var det bremselengdemålingar på rulleski.

Det er gjort mykje godt arbeid rundt trafikk og sikkerhet for rulleskibrukarar frå både Skiforbundet, Vegvesenet, Trygg trafikk og utstyrsprodusentar i dei seinaste åra. 

Skiforbundet og vegvesenet har nå formalisert eit samarbeid for å systematisere og legge eit enda tydlegare fottrykk i dette viktige arbeidet. Samarbeidsavtalen vart vedtatt på langrennskomiteens fagmøte til Norges skiforbund i Loen. Vegvesenet har mange dyktige og driftige folk, som virkeleg ivrar etter å bidra i dette prosjektet.

I veka vart det gjennomført bremselengdetestar som ein del av arbeidet for betre å forstå denne trafikkgruppa. Det var spennande og lærerikt for dei kjekke rulleskibrukarane og vegvesenets beste folk.

Medan dette arbeidet fortset, så er det på sin plass å ynskje alle som skal ut på rulleski ein god treningssommar:) og vise rulleskivett!

Nokre bilete frå testdagen: