Hopp til innhold

Trener 1 kurs i Jondal

Norges skiforbund i samarbeid med Hordaland skikrets inviterer til trener 1 kurs i freestyle, hopp/kombinert og telemark. Kursa vil føregå i perioden 28 juni til 2 juli.

Kursa vil føregå i Jondal, med teori og barmark. Skidelen av kursa vil føregå på breen ved sommarskisenteret. Her vil undervisninga også verta delt inn i ulike greinspesifikke retningar. Prisen for kursa er 1500,- Utgifter til heiskort, reise og overnatting dekkjer deltakarane sjølve. Informasjon om kursa vil verta oppdatert på denne sida framover.

For dei som melder seg på kursa, så er det reservert 12 overnattingsplassar på Folgefonn gjestetun. Her er det "først til mølla" prinsippet. Kontaktskjema og telefonnummer  53 66 80 55

 

Freestyle tilbyr trenerkurs med fordjupning i skicross, freeski og kuler. Du melder deg på kurset under freestyle, og vert delt inn etter fordjupningønske etterpå.  Kursa i freestyle vil føregå i perioden 29 juni til 2 juli.

Informasjon om omfang og påmelding til trener 1 freestyle.

 

Hopp og kombinert har eit samla kurs, som gjev eit godt innblikk i grunnleggande skiferdighet i både hopp og kombinert. Kurset vil føregå frå 28 juni til 30 juni

Informasjon om omfang og påmelding til trener 1 hopp og kombinert.

 

Telemark tilbyr trener 1 kurs med eget kursopplegg for randonee i tillegg til tradisjonell telemark. Påmeling til trenerkursa gjer ein under telemark. Fordjupningønske tek ein etterpå. Kurset vil føregå frå 28 juni til 30 juni.

Informasjon om omfang og påmeling til trener 1 telemark.