Hopp til innhold

Stord il inviterer til langrennshelg 29-31 august

Det vert kretssamling i august for dei som skal konkurrere i aldersklassane 13 til 16 år. Samme helga inviterer Stord også til kretsrenn på rulleski for alle aldersklassar. Sjå invitasjonar!

Set av helga 29-31 august. På Stord er det rulleskiløype, idrettshall, banar og bra terreng for løpeturar. Dette høver godt for trening i august. Med perfekte rammer for barmarkstrening ynskjer Skikretsen velkommen til ei sosial treningshelg på Stord. Sjå invitasjon med samlingsprogram.

 

Påmelding til sjølve treningssamlinga gjer du her! Rennet melder alle seg på via min idrett.

 

Same helga vert det også kretsrenn i klassisk i rulleskiløypa på Stord. Dette går søndag 31 august. Det er eit terminfesta renn med påmelding via min idrett. Sjekk invitasjonen til rulleskirennet(som også gjeld dei under 13 og over 16)

Påmelding til rulleskirennet i klassisk stil.