Hopp til innhold

Første del av av årets langrennstrenerkurs vert på breen i Jondal.

Påmelding trener I og trener II, langrenn

7 juni er det oppstart for årets trener I kurs i langrenn. Nytt av året er tilbod om trener II kurs, også. Det startar fredag 20 juni. Påmeldingslink.

Både trener I og trener II kursa vil føregå over 2 helger. Den første kurshelga vert på snø, med Jondal og sommarskisenteret som base. Det er slik at desse trenerkursa er i den nye trenerløypa. Det vil seie at trener I tilsvarer det gamle t 2, eller b-trenerkurset. Trener II tilsvarer det gamle t3, eller c-trenerkurset. Kursa varer henholdsvis 45 timar og 75 timar.

Trener 1

7-8 juni: skidel. Nokre som starta på trener 1 kurs i fjor manglar denne delen. Dette vil føregå i Jondal.

16-17 august: teori og barmark. Dette vil føregå anten i Bergen eller på Voss.

Kurset kostar 3000,- Det inkluderer kursmateriell, løypeavgift Folgefonna laurdag/ sundag og overnatting første samling i Jondal frå laurdag til sundag med middag laurdag.

Innkvartering på første samling vert på Espeland camping. Ta med sengetøy og handkle.

 Påmelding trener I kurs.

 

 

Trener 2 (timefordeling kjem)

20 - 22 juni: Skidel. Denne vil føregå på folgefonna. Oppstart vert ved lunsjtider den 20 juni. Planlegg fri denne fredagen.

23 - 24 august: Teoridel/barmark. Held av dato. Informasjon om kvar dette vert kjem seinare.

Kurset vil koste 4500,- Dette inkluderer kursmateriell, 3 dagar løypeavgift på breen og overnatting m/ middag 2 dagar i Jondal på første samling.

Kurset vil føregå over 5 dagar. Dei 3 første vert i Jondal, med skidelen av kurset på breen. Overnatting på første kurset vert på Espeland camping frå fredag til søndag. Ta med sengetøy og handkle.

Påmelding trener II.