Hopp til innhold

Kvinnheradrennet vert arrangert på Seljestad

IL Korlevoll har stilt sitt anlegg på Seljestad til disposisjon for arrangørklubbane il Ternen og Uskedal il. Klubbane har fått førebudd eit samarbeid om arrangangementet, og gledar seg til å fylle stadion med skifolk!

Røldals Gaute Kvåle er ein av dei som kjem. Kanskje er det fleire toppløparar som tek turen. Dette vert ei gjensyn med Seljestad, for dei som gjekk Jularennet. Nå er det klassisk stil, og arrangørane kjem frå Kvinnherad i tillegg til funksjonærar frå IL Korlevoll.

Snøtilhøva er meldt å vere svært gode. Det er meldt vind gjennom natta/morgontimane, men det skal lette betydeleg i 12 tida. (torsdag 0900)

Rennleiar er : Sigurd Børve

TD er: Oddvin Aksnes

Invitasjonen til arrangementet.