Hopp til innhold

Emma Skjoldli frå Bulken il fekk verkeleg vist at løparar frå Hordaland skal du ikkje tulle med!

Hordaland skikrets på Hovudlandsrenn

Hordaland skikrets hadde mange deltakarar og foreldre i sving, når årets Hovudlandsrenn for 15 og 16 åringar vart arrangert. Årets utgåve vart flytta frå Stryn til Vang på Hedemarken.

Det var over 25 løparar frå Hordaland skikrets med, når årets Hovudlandsrenn vart arrangert. Det var opptil 350 deltakarar i nokre av klassane, så mangel på konkurranse var det ikkje!

Med litt mindre skitrening enn ønska for dei fleste i kretsen, så var det nok mange som var ekstra spente på korleis dei ville gjere mot dei beste i landet. Nokre viste at sjølv med lite skitrening, så kunne det gå an å hevde seg mot dei beste!

Fredag og klassiske distansar

Emma Skjoldli frå Bulken viste seg fram i 15 års klassen. På 5 km distansen vart det 2 plass!! Berre 15 sekund bak vinnaren Kristine stavås Skistad frå Konnerud.  Sigrid Braathen Reigstad vart 57, Julie Roll Tørnquist 90 og Eivor Vestrheim Skjerven vart 92 i same klassen. 170 stk fullførde i klassen.

I den yngste guteklassen, g15, vart August Sandnes frå Fana nummer 76. Her var det 350 stk som fullførde. 

I jenter 16 klassen, så gjekk Turid Therese Austrheim seg inn til ein 59 plass, Tuva Bull Hjeltnes vart 80 og Sara May Instanes rett etter på 82 plass. 130 stk fullførde i denne klassen.

I gutar 16, plassert Skjalg Espeland frå Jondal seg på ein finfin 57 plass, Trym Helge Carlsen vart 67 og Tobias Nyborg vart 105. Her var det 280 stk som fullførde.

For resultat frå fredagens klassisk, med fleire Hordalalendingar!

Etter fredagens 2 plass, vart det sjølvsagt kakefest for Emma!

Laurdag og Sprint.

Emma Skjoldli fulgte opp med ein ny pallplass på andre forsøk! Denne gangen vart det 3 plass til slutt, etter å ha vorte nummer 2 på prologen. 2 jenter frå Viking TIF, imponerte også stort! Anniken Ravnå med sin 15 plass og Sigrid Haugland, som og kvalifiserte seg til finalen, vart 30. I tillegg vart Eivor Vestrheim Skjerven 54 og Nina Tveite 97, blant dei 170 startande.

I gutar 15 vart August Sandnes Fana il nummer 62,Tore Akerlie frå Voss nummer 79, Fanas Markus Braadlie 81 og Eirik Aasbrein frå Vargar nummer 87. Her var det 335 som starta i konkurransen.

Blant dei eldste jentene var Tuva Bull Hjeltnes frå Ulvik il berre nokre tideler frå å gå vidare til finalane. Med sin 33 plass vart ho beste frå Hordaland.Turid Therese Austrheim og Sara May Instanes, begge frå Fana, vart her henholdsvis nummer 102 og 119.

Trym Helge Carlsen frå Fana imponerte med ein 15 plass i gutar 16. Blant dei andre vart bla Olvar Hauso Skagseth  89, Kasper Rønning Komnæs 91, Tobias Nyborg 100 og Kristian Skjeldal 100.

For andre Hordalendingar, sjå resultat frå laurdagens sprint i fristil

Med overnatting på Vangsseter, ordna av ein lokalkjent Hedemarking busatt i Bergen, vart det både eit sosialt overnattingstilbod og lettvinte reiser! (avstand til stadion 2 km).

 

Søndag og stafett: 

Jentene frå Hordaland stilte med 2 lag med berre Hordalandsløparar på og eit mixlag. Hordalandslaga vart nummer 18 og 37 blant 72 gode lag totalt.

Gutane frå Hordaland stilte med fleire lag, der det beste laget plasserte seg på ein flott 16 plass. Dei andre laga frå vår krets vart 41, 91, 132 og 136 blant dei 145 laga totalt. Sjå resultat på søndagens stafett.

 

Etter ein snøfattig vinter med mindre skitrening enn ønska, så kan gjengen frå Hordaland vere veldig fornøgd med innsatsen. Med meir snø neste år, så vert det nok fleire resultat og feire for dei flotte skiløparane frå Hordaland!