Hopp til innhold

Erling Fagerbakke Fosse, Bergsdalen il, står så høgt ein kan på ein premiepall!

Gull til Erling Fagerbakke Fosse på 10 km klassisk

Hordaland sine juniorar ordna både gull og sølv under opningsdistansane i klassisk stil, under junior NM i Mo i Rana.

Det var i 17 års klassen at Bergsdalens, etter kvart store son, Erling Fagerbakke Fosse ordna gull. Prestasjonane til Erling har imponert skikretsen så langt i sesongen, men det som har vore imponerande så langt, vert berre meir imponerande! Kvar skal dette ende? Er det mange som spør seg.

Ikkje berre er han god å gå på ski. Kaker er ein annan spesialitet!

Men det var ikkje berre Erling som fekk medalje. Vebjørn Turtveit frå Voss il, mest kjent for å vere ein av dei beste juniorane i landet i fristil, henta likeså godt inn ein sølvmedalje i den eldste guteklassen på 20 km klassisk! Begge løparane er med i samarbeidet "Vossalangrenn.

Vebjørn er godt fornøgd med å vere tilbake på premiepallen igjen!

Utanom desse to staskarane, så var det ein av dei beste laginnsatsane for Hordaland på juniorsida, på lang tid. I jenter 17 vart Karoline Simpson Larsen 11. Når jentene: Sunniva Sausjord- Eldar, Thea Johanne Slethaug- Fana, Mona Songve- Vargar og Anna Lussand Selheim- Viljar, frå Hordaland følger opp med 23, 26,27 og 29, så er det imponerande høgt nivå på mange av våre jenter! I gutar 17, følger Hans Inge Klette opp med ein 19 plass. Sjur Tveito vart 68 og Henrik Hestnes 81.

I jenter 18 fekk Unni Geitle Nesthus frå Vargar ein 33 plass.

I gutar 18 var det Daniel May Instanes som gjorde sitt beste løp for sesongen, når han fekk ein flott 34 plass.

I den eldste guteklassen, der Vebjørn vart nummer 2, var det fleire frå kretsen som gjekk gode renn. Gaute Kvåle frå Røldal vart 18, Øyvind Brakvatnet Mjelde frå Osterøy fekk ein flott 40 plass og Eksingedalens Einar Trefall endte med ein solid 45 plass.

Sjå meir om NM og resultater på heimesida til Bossmo og yttern.

Sjå om Erling og Vebjørn på langrenn.com

Resten av helga så er det skøyting på laurdagen og stafettar på søndagen.