Hopp til innhold

Finale i kretscupen og KM i stafett

Finalen i kretscupen går på Voss ski- og tursenter laurdag, med Vestlandske skistemna. NB! Omkøyring rundt vangsvatnet grunna ras! Berekne ca ein ekstra time. Sundag vert det Ørnarstafetten, som er årets KM, i Årmotslia.

Etter mykje avvlysingar og utsatte renn i vinter, ser det ut som me får 2 spennande konkurransar arrangert i helga.

Det vert vestlandske med fellesstartar og duathlon for dei over 13 år på laurdagen. Dette er og siste poengssanking for kretscupen. Etter dette rennet vert det premieutdeling(med uttrekkspremiar) for kretscupen samanlagt, i tillegg til vanleg premieutdeling for rennet.

Det vert omkøyring for dei som kjem frå Bergen. Dette kan føre til opptil 1 time forseinking frå normal køyretid. Difor bør de rekne ekstra tid ved avreise.

 

Sundag vert årets KM i stafett arrangert. Det er Ørnar som inviterer til stafettkonkurranse i Årmotslia. Merk at påmeldingsfristen er onsdag 19 mars.

 

Sjå invitasjonane!