Hopp til innhold

Erling susar ned til siger nummer 2 i same veke. Her frå onsdagens storslalom.

Erling Astrup Sjøtun på topp x 2!

Voss alpin arrangerer denne veka junior Nm og fis renn. Dette likar heimeklubbens toppalpinist Erling Astrup Sjøtun. Han står med to sigrar på to forsøk!

Etter mandagens slalom, sto Erling Astrup Sjøtun att med sin fyrste siger i eit fis renn på heimebane. Det var med 2 hundredels margin, og etter ein strålande andreomgang, at Vossingen fekk vist sigersgliset på heimebane!

Tirsdag var det storslalom, og då vart det like godt siger nummer 2! Denne gang med over eit halvt sekund på neste mann.

Torsdag er det nytt renn. Kan det verta 3 av 3?? Sjå link med resultat frå konkurransane så langt, med fleire Hordalendingar i aksjon. Live link ligg også ute på same sida.