Hopp til innhold

Terningkast 6 til Chris Jespersen

Etter lang tids sjukdom fekk Chris Jespersen endeleg gått skirenn. Dette samanfalt også med Skåneviksbuens olympiske debut. På 15 km klassisk vart Chris beste nordmann med sin 6 plass!

Med avklypte bein på skidressen la Korlvoll løparen i vei, i det som skulle vise seg å verta ein vanskeleg dag for fleire av dei Norske løparane. Medaljehåpa Martin Johnsrud Sundby og Eldar Rønning fekk det tungt og enda på henholdsvis 13 og 12 plass.

Chris, som nok var spent på kva ein månad utan konkurranse hadde gjort med formen, var den som hadde det minst tungt av nordmenna. Han var nære pallplass heile løpet igjenom og enda til slutt opp på ein 6 plass. Dette gav olympiske poeng til Norge. Noko dei 6 fyrste i olympiske konkurransar får. Dette altså på ein debut i Olympiske leker med over ein månad utan konkurransar pga sjukdom.

Ikkje rart at skikretsen trillar terningen til ein seksar, og kryssar fingrar for at både Chris Jespersen og Sjur Røthe frå Voss il får gå kvar sin etappe på søndagens stafett over 4 x 10 km!

Både Chris og Sjur har vore mykje plaga med sjukdom den siste månaden. Dette er nok det siste bilete vist fram av dei to skiheltane sengeliggande.

Resultatliste frå 15 kilometer klassisk i OL.