Hopp til innhold

Gaute Kvåle Røldal il (i toppen av bildet), er ein av mange Hordalandsløparar i toppen for tida.

Langrennsløparar frå Hordaland i toppen

Det var skiløparar frå Hordaland i aksjon på ulike skistadionar i helga. Felles for dei alle, var at dei markerte seg i toppen. Dette inkluderer mønstringsrenn, skandinavisk cup og wc.

Løparane som viste seg fram i helga var frå Voss, Korlevoll og Røldal.

Gaute Kvåle Røldal il, som går sin siste sesong i juniorklassen, stilte på mønstringsrenn på Lillehammer. Desse renna var uttaksrenn til junior-vm, som går i Kazakstan seinare i vinter. På fredagens 15 km friteknikk vart han nummer 2. På søndagens 10+10 fulgte han opp fredagens gode renn, med eit enda bedre. Gaute stod distansen best av alle i den tøffe OL løypa og vann rennet, i hard konkurranse med td juniorlandslagsløparane og andre juniorar som gjerne vil til vm. Med så gode prestasjonar, så er Gaute på god veg til å representere Norge, Røldal og Hordaland skikrets i internasjonalt meisterskap i 2015.

Gaute Kvåle Røldal il, til topps på søndagens 10+10km mønstringsrenn.


Gaute Kvåle Røldal IL, viser seg frå ei fargerik side etter eit supert løp.

Ein annan som også var på Lillehammer i helga, var eitt år eldre Vebjørn Turtveit Voss il. Det var skandinavisk-og norgescup som stod på programmet for seniorløparane. Til trass for at Vebjørn for berre eitt år sidan var junior, så verkar det nesten som han har gløymt det. Han har markert seg så langt i sesongen med å ligge i toppsjiktet i det tøffe seniorlangrennsmiljøet. Han har gått så gode renn tidleg på sesongen, at han var nær ved å kvalifisere seg til wc på Lillehammer.
Fredagens renn i skandinavisk cup(rekrutteringscup for wc),viste at formen den held seg. Etter 15 km friteknikk, så enda han på 4 plass i det gjeve selskapet. Sidan Vebjørn er berre førsteårs senior, så konkurrerer han også i det som heiter u23. Det er ein eigen klasse for dei under 23 år. Denne klassen vann han. Og sidan det også skal vere vm for u23 i Kazakstan. Så er det fort gjort at det er 2 Hordalandsløparar i austerled i 2015!

Vebjørn Turtveit Voss il, like utanfor podiet. 4 plass i skandinavisk cup,

...og til topps i u23 klassen!

Det som gjer helga enda meir imponerande, er at me har 2 løparar som går verdenscup samstundes. Sjur Røthe Voss il og Chris Jespersen frå Korlevoll il-Odda var i helga i Davos. Dei har begge gått dei innleiiande verdscuptevlingane tidligare i sesongen. Her har Sjur verkeleg fått vist seg fram. På verdscup minitouren arrangert på Lillehammer vart Sjur nummer 3 totalt. Chris har hatt ein litt tyngre start på sesongen, men begge to har hatt ein fin stigning i prestasjonane. 
Tilbake til Davos. På programmet; 15 km klassisk. Fasit: Sjur går kanskje sitt beste klassiskrenn og vert nummer 4. Chris viser formstigning og vert nummer 8.

Kvar enkelt av desse 4 prestasjonane fortener overskrifter. Det har komme så langt nå, at ein byrjar å verta bortskjemt med toppresultat. Det er fort gjort å gløyme at bak desse så har Hordaland mange hardtsatsande langrennsløparar som også viser seg fram.  Ein takk til klubbane og langrennsmiljøet i Hordaland, som viser at ein kan skape topp av breidde og at ressursane er dei friviljuge og engasjementet dei viser.