Hopp til innhold

Invitasjon til td- og arrangørkurs i langrenn på Voss

Langrennskomiteen i Hordaland skikrets inviterer til kurs for etablerte og nye teknisk delegerte i kretsen. Det vert samstundes lagt opp til arrangørkurs for langrenn. Ny dato er onsdag 17 desember!

Kurset som opprinneleg skulle vore den 25 november, er flytta til 17 desember. For dei som allereie er påmeldt, så kjem informasjon via mail. Den opprinnelege påmeldinga er stengt, men ynskjer de å vere med på dette kurset så kan de sende mail til skikretsen om dette.

Det er den røynde teknisk delegerte Johan Børsheim som held kurset. Han har god erfaring frå både nasjonale og lokale konkurransar opp i gjennom åra.

Kurset er på Voss gymnas onsdag 17 desember kl 18.