Hopp til innhold

Informasjon rundt brikker for barn

Etter litt usikkerhet rundt kva retningslinjer som gjeld angåande kjøp av brikker for barn fom 11 år, så har langrennskomiten tatt nokre avgjersler som gjeld for Hordaland skikrets.

NSF oppfordrar løparar ned til 11 år å ha eigen brikke, eller at klubbar har nok brikker til å leige ut desse ved kvart renn. Hordaland Skikrets ser at dette ikkje er mulig å etterleve for alle løparar/arrangører i vår krets. Me vil difor gjennomføre likt system som tidligare år. Dette betyr at de som har brikke melder seg på med denne, mens løparar utan brikke får låne brikke på dei renn der arrangøren har brikker og elektronisk tidtakarsystem tilgjengeleg. Arrangørar som ikkje har elektronisk tidtakarsystem gjennomfører arrangementet med manuell tidtaking som før.

 

Mvh LK Hordaland