Hopp til innhold

Samling og renn på Ål

Informasjon frå alpinkomiteen angåande samling, puljeplasseringsrenn og hovudlandsrenn.

Fartssamling
Hordaland skikrets inviterer til fartssamling i Ål Skisenter fredag 2. til mandag 5. Januar. Søndag 4. Januar vil det gjennomførast to renn, der det første rennet vil vere KM og puljeplassering, medan det andre rennet er puljeplasseringsrenn.

Fredag, laurdag og mandag vil me tilby fartstrening i løype og med hjelp av ulike momenter.

Detaljert plan vil verta publisert når me har oversikt over forhold i bakken og snømengd, seinast i løpet av romjula.

 Gjennomføringen er som alltid avhengig av hjelp frå foreldregruppa og AK vil i denne samanheng fakturere 60,- per løper per dag for å finansiere heiskort for dei som bidreg i bakken.

Når de melder dykk på via min idrett, husk også å meld dykk på dei treningsdagane de vert med på. Altså 3 moglege treningar og 2 konkurransar. 

Kontaktperson for samlinga er Anders Neteland,

mail: andersneteland@gmail.com
telefon: 93267321


Påmeldingsfrist 27. Desember! 

Puljeplasseringsrenn 
Som tidligare år vil me gjennomføre 8 puljeplasseringsrenn, herunder 6 tekniske, fordelt mellom arenaene i Bavallen, Myrkdalen og Eikedalen.

Reglane for puljeplassering vert uendra frå fjoråret, kor det er beste plassering som er gjeldande. Vert det like plasseringar, tel nest beste.

 

Informasjon om Hovedlandsrenn
Fartsdelen av årets  hovudlandsrenn vil bli avholdt i Hemsedal kor kretsen har booka overnatting for løparar og foreldre på Skarsnuten Panorama.

Vedrørande den tekniske delen (Geilo) har me beslutta at kvar enkelt ordnar med eigen overnatting, grunna at stor andel av gruppa har overnattingsmoglegheiter på Geilo.

Kretsen vi ha 2 trenarar på plass på begge arrangementena, høgst sannsynlig Asbjørn Skorpen og Anders Neteland.