Hopp til innhold

Olympiatoppen inviterer skigreine i skikretsen på workshop

Er du født i 2000 eller før? Er du trenar? Då er du invitert på workshop med Olympiatoppen vest. Den nye datoen er mandag 24 november!

Skikretsen inviterer til workshop om motorisk trening. Dette er eit tilbod til satsande ungdomar frå hovudlandsrenn alder og oppover. Trenarar for desse er spesielt invitert.

Økta vil bestå av både bakgrunnskunnskap og praktiske eksempel. Innhaldet vil vere todelt. Først hovudfokus på uthaldenhetsidrettane langrenn og skiskyting, og så fokus på alpint og freestyle. Hopp og kombinert kan ha nytte av begge sekvensane.

Sjå invitasjon!