Hopp til innhold

Det var ein våt føremiddag på Festplassen.

Freestyle på Festplassen

Freestylekomiteen i skikretsen stilte med hoppbakke på barnas dag i samband med studentidrettsleikane. Klubbane i Bergen fekk også informert om treningstilbod for dei som ikkje veit at det er 2 klubbar som tilbyr super trening for skiglade ungar. Sjå meir!

Det var ikkje det beste veret på laurdag, når NHH inviterte ungar til aktivitetsdag. Skikretsen stillte med hoppbakke og instruktørar, men det var få som våga seg ut i regnveret denne dagen. Dei som kom fekk allikevel prøvd seg i hoppbakken. For dei vart det både spanande utfordringar og flotte gåvepremiar frå Bula.

Klubbane i Bergen nytta høvet til å invitere til open dag for nye rekruttar. Bergen freestyleklubb og Bergens skilag si freeskigruppe inviterer til opne treningsdagar nå i oktober. Høyres det spanande ut? Då må du sjå invitasjonen!

 Det var moro for dei som stillte. For dei viste vågemot, pågangsmot og kroppbeherskelse. Bjørnen, som forvilla seg inn i byen, prøvde seg også. Den fekk brukt den fyldige pelsen til å suge opp vatnet av landingsbagen;)