Hopp til innhold

Frå alpinbakken i Ål. Klar til portkøyring!

Samling og kretsmeisterskap i Super g

Den årlege kretssamlinga på Ål er unnagjort for alpinistane frå Hordaland. KM i super g vart også arrangert.

Koordinator i alpinkomiteen Asbjørn Skorpen kunne melda om veldig god trening og mange rundar på torsdag, då vart det trent i to forskjellige super-g-modellar. På fredag vart det køyrt tre omgangar i nesten full løype. I helga var det to gode renn på laurdag og eit bra renn på sundag. Det var nesten 70 løparar med på treningane, mest frå Hordaland, men òg ein del frå Ål, Kongsberg og Østfold var med.

Det var godt samarbeid mellom trenarane og mange foreldre som var flinke å bidra slik at samlinga vart bra.

Bilete av pallen i KM for klassen g13-14 år. Lars Astrup Sjøtun, Lars Brakestad og Hermann Johannesen tok dei 3 fyrste plassane.

Bilete av premiepallen KM  g13-14 år. Jakob Astrup Sjøtun, Marius Brakestad og Hermann Johannesen tok dei 3 fyrste plassane.

Laurdagens km resultat og søndagens resultat i puljeplasseringsrennet