Hopp til innhold

Parkstafetten er avlyst.

Voss il, som skulle arrangert parkstafetten i morgon 19 januar, har beslutta å avlyse kretsmeisterskapen i stafett. Avgjersla vart tatt på bakgrunn av vinden som tar hardt på stadion.

Langrennskomiteen skal ha møte i morgon, då vil terminlista for sesongen verta oppdatert og endra. Nokre renn som så langt ikkje har vorte arrangert som planlagt, vil verta satt opp seinare i sesongen. Følg med på kretsens sider for oppdatert terminliste i byrjinga av neste veke.