Hopp til innhold

Sjur Røthe er veldig nær kongepokalen, som var satt opp på laurdagens duathlon.

Nm på ski på Lillehammer

Frå torsdag 16 januar til søndag 19, var Hordaland sine seniorlangrennsløparar på Lillehammer. Det var eit Nm med alle dei store stjernene på plass, og der mykje stod på spel i samband med OL uttak.

NM på ski vart flytta til Lillehammer, der dei nye løypene som vart nytta i verdscupen i desember vart tatt i bruk.

 

Hordaland stilte med 8 herreløparar på åpningsdistansen 15 km klassisk. Der var det Sjur Røthe og Torgeir Skare Thygesen som markerte seg med henholdsvis 10 og 14 plass.  Komplette resultat frå torsdagens 15 km klassisk.

Fredag var det sprint på programmet. Der fekk Hordaland heile  3 løparar til kvartfinalane. Torgeir Skare Thygesen kom heilt til finalen, og enda totalt på ein 6 plass! Dette er karrierebeste, og viser at det er fleire løparar frå Hordaland som er heilt i landstoppen, utanom OL klare Sjur Røthe og Chris Jespersen. Joel Dyrhovden, som har gjenopptatt satsinga, fortset med gode prestasjonar i sprint med sin 18 plass. Sjur Røthe, som ikkje er kjent som sprintar, gjorde sine saker bra med 21. plass.  Jori Mørkve frå Eldar,mest kjent som skiskytar, kom akkurat med til damenes finale og vart nummer 30.   For øvrige Hordalandsløparar sjå resultat frå fredagens sprint.

Laurdagens duathlon gav Hordaland medalje! Vossingen Sjur Røthe viste gryande OL form, og plasserte seg like bak Kongepokalvinnaren Martin Johnsrud Sundby. Det vart eit tett spurtoppgjer mellom dei to landslagskollegaene, som hadde skaffa seg ei luke til resten av tetpulja. Sølvmedalje er karrierebeste av Sjur i NM samanheng. Dette lovar godt for OL, som byrjar om 3 veker! Bak Sjur var det Nils Magnus Bøen Grave frå IL Korlevoll-Odda som imponerte stort. Etter ein sesongførebuing prega av mykje sjukdom og mindre trening enn ønska, så har det gått betre og betre i den siste tida. Det gjorde det også på laurdagens duathlon. Etter ein kontrollert klassiskdel og imponerande skøytedel, vart Oddingen nummer 18 til slutt. Dette gav også ein 6 plass i u23 klassen. Jori Mørkve stilte også på den uvante øvelsen som inkluderer klassisk. Det er ikkje skiskytarane vande med. Ho enda på ein 38 plass i dameklassen. Andre Hordalendingar, sjå Resultat frå laurdagens duathlon herrer.

 

Etter NM helga er det oppdatert Poengstilling i NC samanlagt. Sjur Røthe vert nok ikkje med på så mange NC renn utover i OL sesongen, men er nå nummer 4. Torgeir Skare Thygesen frå IL Korlevoll-Odda er nummer 12. Frå same klubb er Nils Magnus Bøen Grave nå plassert på 38 plass og 12 i u23 klassen.