Hopp til innhold

Chris Jespersen under intervju av Nrk etter siste etappe av TDS

Opp "monsterbakken" med bravur!

Chris Jespersen frå IL Korlevoll-Odda fekk 2. plass samanlagt i årets Tds. Sjur Røthe frå Voss IL fulgte opp med å bli nummer 5!

Chris Jespersen og Sjur Røthe(bilete) vart ofte intervjua under årets Tour de ski. Nå seier dei begge at dei skal verta pressetalsmenn når langrennskarrierane vert avslutta om mange år. Det skjønar me godt, så gode dei er på intervjua dei stiller opp i. 

 

Chris var frå starten i Oberhof med i toppen. Sjølv med nedprioritering av sprintar, så var han altså berre 36 sek frå seieren når det heile var avgjort på toppen av alp cermis. Avslutningsetappen gjennomførte han med nest raskaste tid. Berre 4 sek bak bakkespesialisten Johannes Duerr, frå Austerrike.  Sjå om Chris på Nrk og langrenn.com

 

Sjur har hatt ein ujamn sesongstart til han å vere. Sjølv med ein trøblete sommar med skade, så var det i overkant store svingingar i prestasjonane på dei fyrste verdscuprenna. Davos før jul var langt under pari for Sjur, som normalt likar akkurat denne løypa. Difor var han nok spent på korleis årets tour vil gå, når julefeiringa var unnagjort...

Fasiten var at stabiliteten og prestasjonane betra seg for kvart renn han gjekk under årets tour. Den siste etappen, som han fekk tredje beste etappetid på, førde han heilt opp på 5 plass samanlagt. Med ein slik gjennomføring, så kan ein trygt seie at Sjur er tilbake blant dei beste i verda. Sjå langrenn.com om Sjur.

 

Hordaland skikrets gratulerer  begge to, og bukkar djupt.