Hopp til innhold

NC på Sjusjøen for juniorane

Vebjørn Turtveit vann 2 av 3 renn for dei eldste juniorane under Norgescupen på Sjusjøen i helga. Nå ventar Junior VM på Vossingen!

Vebjørn Turtveit Voss il vann laurdagens 10 km fristil med klar margin. Eitt år yngre Gaute Kvåle frå Røldal vart i same klassen nummer 5. Einar Trefall frå Eksingedalen viser god framgang og vart nummer 36. 

På Søndagens klassiskrenn fulgte Vebjørn opp med nok ein siger.  Og Gaute Kvåle fulgte opp med enda eit toppløp, og vart nummer 8. 

I dei yngste juniorklassane var det fleire frå Hordaland som viste seg fram. Erling Fagerbakke Fosse i g17 slo til med 12 plass på 10 km klassisk og 16 plass på 10 km skøyting. Hans Inge Klette i same klassen vart 33 på 10 km klassisk og 35 på 10 km fristil. 

Karoline Simpson-Larsen frå IL Vargar, imponerte stort. med ein 8 plass på laurdagens 5 km fristil.  I same rennet vart Sunniva Sausjord IL Eldar 28 og Mona Songve IL Vargar vart nummer 38.  På søndagens klassiskrenn vart Karoline nummer 26, medan Mona Songve fekk ein ny 38 plass. Alle i stilte i j17.

Anna Lussand Selheim og Helene Klette vart henholdsvis 26 og 27 på fredagens sprint i fristil i  klassen j17.

For oversikt over andre frå Hordaland, sjå komplette resultat!