Hopp til innhold

Vindfullt for arrangørane, når over 300 stilte til start både laurdag og søndag.

Vel blåste Kretsmeisterskap på Voss ski- og tursenter

Grunna snømangel i både Bergen og Kvam, vart kretsmeisterskapen flytta til Voss ski-og tursenter. Vinden kunne ikkje stoppa over 300 deltakarar på både laurdagens Vikingrenn og søndagens Fanarenn!

Trass i dårlege vermeldingar med vind frå aust, så var det rekordmange påmeldte til helgas kretsmeisterskap. Vikingrennet på laurdag hadde 346 påmeldte og Fanarennet på søndag hadde 329. Det viser at det er mange skiklubbar i kretsen som jobbar godt med rekruttering til langrennssporten.

 

Sjå dei offisielle resultata frå laurdagens Vikingrenn, som var kretsmeisterskap i fristil, med 318 startande.

Sjå sak med resultat frå søndagens fanarenn, som var kretsmeisterskap i klassisk stil med lengre distansar.

 

Takk til Voss-ski og tursenter for å stille løyper og anlegg til disposisjon, og arrangørane TIF Viking og Fana il for vel gjennomførde arrangement!