Hopp til innhold

Freestylehelg på Voss vart ein suksess

Voss freestyleklubb arrangerte laurdag 25 januar NC i kuler. Søndagen arrangerte dei første konkuranse i den nystarta freeskicupen. Utøvarar frå Sauda og Hovden kom over og gjorde dette til ei flott skihelg.

Laurdag var det Norgescup i kulekøyring, med konkuranse også for dei yngre. Resultat under. 

Resultat barn

Resultat ungdom- damer

Resultat ungdom- menn

Resultat elite senior- menn

Resultat elite senior- damer

Voss freestyleklubb inviterte søndag 26. januar til det første arrangementet i den nye freeskicupen. Målet med denne er å rekruttere nye utøvere til freeski sporten. Freestyleklubbane i Hordaland er superfornøyde med å få gjennomført dette tilbudet til dei som ynskjer å starte å konkurrere. Målet med freeskicupen er å auke rekruttering til freeskisporten med skiglede og eit bra tilbod til ungdomen. Freeskicupen omfattar kretsane Agder/Rogaland og Hordaland. Arrangementa er på Voss, Hovden og i Sauda.


Utøvarar frå både Hovden og Sauda stilte på Voss, og var med å gjere dette til ei super skihelg!

Resultat frå  første runde i freeskicupen. Det neste arrangementet vert på Hovden 21-22 februar.  Sjå bilete.