Hopp til innhold

Vebjørn frå fjorårets junior vm (langrenn.com)

Mønstringsrenn på Lygna

Frå Hordaland var det både seniorar og juniorar i sving på rennet, som også var kvalifiseringsrenn for junior vm.

På laurdagen var det distanserenn i klassisk på programmet. Her plasserte Gaute Kvåle Røldal IL seg på ein fin 11 plass. Fjorårets junior-vm deltakar, Vebjørn Turtveit vart 21 og Lars Andre Møen vart 68. I seniorklassen vart Sturla Lie 27 og Erlend Drivenes nummer 31. For fleire Hordalendingar sjå resultat laurdag.

 

Søndagen var det sprint i fristil. Der var det fleire lokale med i toppen. I juniorklassen m19/20, plasserte Vebjørn Turtveit Voss il seg på ein flott 2 plass til slutt. Dette gjer at han nok eit år er høgaktuell for junior vm seinare i vinter! I samme klasse vart Gaute Kvåle 22 og Lars Andre Møen Voss il 60.

I seniorklassen imponerte Joel Dyrhovden frå Samnanger IL nok ein gang. Her vart det finaleplass og ein finfin 5 plass til slutt. Joel har etter eit par vanskelege sesongar med helseplager verkeleg komme i form! Resultat frå søndagens sprint i fristil.