Hopp til innhold

Invitasjon til jentesamling

Med støtte frå Stor Bergen Boligbyggelag, så kan Hordaland skikrets i samarbeid med Vossalangrenn invitere på ei ny samling for jentene. Denne gangen er det Vossalangrenn som ynskjer velkomen til Voss ski- og tursenter for treningssamling på ski. Er du født i mellom 1998 og 2001, så er det berre å sjekke invitasjonen for helga 10- 12 januar.

Det er denne helga renn på Voss ski- og tursenter. Viljar inviterer på skirenn på søndagen. Skulle det vere slik at du ikkje ynskjer å gå rennet, så er du allikevel velkomen til jentesamling!