Hopp til innhold

Torgeir Skare Thygesen frå Skare heng med russarar og andre

Imponerte i stafett

Halvdelen av andreplassen til Noregs stafettlag på 4 x 7,5 km stafett står Sjur og Chris for. Torgeir imponerte også.

Det var eitt stafettlag som var sterkt prega av lokale løparar når verdcupen på Lillehammer laga stafettkonkuranse. På andrelaget til Noreg gjekk Sjur Røthe og Chris Jespersen.  Chris gjekk andre etappen og fulgte fint med teten i frå start til veksling. Han har så langt i år vore stabilt i toppen på verdscupen, og 8. plassen på 15 km klassisk frå dagen før, bekrefta dette. Etter sin etappe sto Sjur Røthe IL Voss, klar til veksling.

Sjur var ikkje så heldig på laurdagens 15 km klassisk, og skuffa resultatmessig med ein 49. plass. På søndagens stafett derimot var Sjur tilbake i godt gamalt slag. Han var i lag med russaren Alexander Legkov og nordmannen Martin Sundby med å skape ei ganske stor luke ned til neste lag. På siste etappe gjekk Finn Hågen Krogh andrelaget inn til ein andreplass. Både Chris og Sjur viser med slike prestasjonar at dei begge er høgaktuelle for eit OL uttak seinare i vinter!

I helga fekk Torgeir Thygesen frå IL Korlevoll-Odda sin verdscupdebut. Den enda i ein 50. plass på laurdagens 15 km klassisk. Dette var nok Torgeir mellomfornøgd med. Søndagens stafett gav Torgeir betre svar! På tredje etappe på 4 laget heldt han fylgje med teten på nesten heile etappen. Dette var imponerande med tanke på merittane til dei andre i feltet.  At laget enda på 8 plass totalt, seier mykje om breidda i toppen på norsk herrelangrenn. At Torgeir er ein av dei som representerer breidda i toppen på norsk langrenn, det viste han absolutt i helga. Me gledar oss til fortsettinga!