Hopp til innhold

Hordalendingar imponerte i WC

Denne helga hadde Hordaland 3 representantar i verdscupen i Finske Kuusamo, der det var både langrenn og kombinert på programmet.

Sindre Ure Søtvik fekk sin verdcupdebut internasjonalt, og viste at han held internasjonalt toppnivå på hoppdelen. Etter denne starta han ut som nummer 7 på langrennet. Der fekk han det noko tøffare, men å debutere internasjonalt med ein 40 plass, vonar godt for framtida!

Dei to langrennsløparane Sjur Røthe og Chris Jespersen gjekk "minitour" same plassen, og enda på henholdsvis 15 og 8 plass. Å vere i toppen internasjonalt byrjar å verta ein vane for dei! Sjå intervju med Chris på langrenn.com