Hopp til innhold

3 forrige helg, 4 denne.

I Kuusamo stilte Hordaland med 3 utøvarar på verdscupen. Denne helga er det verdscup på Lillehammer, og då stiller me med 4!

Forrige helg var me godt representert i verdscupen med Sindre Ure Søtvik i kombinert og i langrenn med Sjur Røthe og Chris Jespersen.

Denne helga stiller dei same tre løparane i norske fargar, når verdscupen i kombinert og langrenn vert arrangert på Lillehammer.

Som om ikkje det var nok, så har det i løpet av veka sprunget ut ei ny skistjerne frå Hordaland. Oddingen Torgeir Skare Thygesen frå IL Korlevoll-Odda, er teken ut på nasjonal kvote i langrennskonkuransane. Dette etter strålande prestasjonar både på Beitosprinten og Bul-sprinten forrige helg.

Me ynskjer difor, alle 4, lykke til med helgas konkuransar!