Hopp til innhold

Chris Jespersen føler seg heime føre podiet i verdscupen

Chris Jespersen nummer 2 i Davos

På 30 km fristil i Davos, laurdag 14 desember, gjorde Chris karrierebeste i verdscupen!

Bilete frå løypas høgaste punkt på ein av 4 rundar på 7,5 km.

Chris Jespersen  IL Korlevoll-Odda var berre 3,3 sekundar bak vinnaren Maurice Magnificat på verdscupens 30 km fristil i dei sveitsiske skogar.  Resultata til Chris har vore imponerande så langt i år. Han har gått like fort i både klassisk og skøyting. Med sin andreplass og nok ein karrierebeste er sjansane store for at han vil  representere Norge under OL i februar. Sjå meir i Haugesunds avis og resultat på fis sine sider.

Sjur Røthe var også med på 30 km fristil i Davos. Han fekk ein 27 plass i selskap med dei beste i verda. Dette er bra resultat, men med Sjur har me vore bortskjemte med topprestasjonar. Han har vist tidligare at han høyrer til i toppen, difor håpar me at han viser seg fram ved neste sjanse.