Hopp til innhold

Bul-sprinten

I helga vart det arrangert Bul sprint på Gålå, og løparar frå Hordaland var i aksjon.

Sprint skøyting og distanse klassisk stod på programmet når dei beste i landet, som ikkje var på verdenscup, stilte på Gålå for Bul-sprint.

På laurdagens sprint viste Torgeir Skare Thygesen at han er tett på dei beste i landet med sin 5 plass. Joel Dyrhovden imponerte med ein 12 plass, etter å ha vore ute av konkuranselangrenn i eit og halvt år. Einar Moxsnes gjorde sine saker bra med å kvalifisere seg til finaleheata.

Søndagens resultat viste at Torgeir Thygesen nok er høgaktuell for nasjonalkvote, når verdscupen reiser til Lillehammer neste helg. Hans 7 plass på 15 km klassisk på søndagen, gjer uttaket på mandag veldig spanande!

På heimesida til arrangøren kan du sjå fleire seniorar og juniorar frå Hordaland sine resultat