Hopp til innhold

Sindre Ure Søtvik til WC

Etter ein totalvurdering av prestasjonen under helgas NM i kombinert, er Sindre med på WC-laget som reiser til Kuusamo

Etter eit langt hopp, men med fall trudde Sindre at sjansane for å verta teken ut til verdscupen var små. Sjølv med eit godt langrenn holdt det totalt berre til ein 13 plass. Sjå resultat.  Landslagsleiinga såg derimot at prestasjonen var så bra at om han ikkje hadde falle i hoppbakken, så hadde det holdt til ein pallplass under NM konkuransen i kombinert i helga.

Eldarløparaen Sindre får følge av fleire frå Hordaland på reisa til Finland. Langrennsløparane Sjur Røthe frå Voss IL og Chris Jespersen frå IL Korlevoll-Odda skal gå verdscupen i langrenn på samme stad.

Me ynskjer dei alle, lykke til!