Hopp til innhold

Velkommen til Stryn

Det er med stor glede at Markane IL ynskjer velkommen til Statoil Hovudlandsrennet 2014.

Statoil Hovudlandsrennet 2014 går av stabelen 28. februar - 02. mars i Stryn Kommune med Markane IL som hovudarrangør.

Hopp- og kombinertdelen vert avvikla ved Nordfjord Fritidssenter med IL Veten som teknisk arrrangør, medan langrennsdelen vert avvikla på Ullsheim Skisenter med Markane IL som teknisk arrangør.

Både IL Veten og Markane IL har lang erfaring som arrangørar av større arrangement, og laga har tidlegare gjennomført både NM, jr. NM og ikkje minst jr. VM.

Til tross for at begge laga har ei lang merittliste som arrangørar, så er dette første gang at Hovudlandsrennet vert avvikla i Stryn og fjordafylket.

Leiar i Markane IL, Eldbjørg Hatledal tykkjer difor det er stor stas å vere vertskap for 900 15 og 16 åringar i februar-mars.