Hopp til innhold

Planlegginga godt i gang

Hovudkomiteen for Hovedlandsrennet 2014. Frå venstre: Kari Tonning, Monica Halsteinslid, Margun Hjelmeset, Inge Fænn (leiar), Alf Ole Arntsen, Halgeir Nygård, Klemet Bø, Sigb jørn Fænn og Antonia Karete Haugen Kongsvik. (Foto: Ove Sveen)

Planlegginga av Statoil Hovedlandsrennet 2014 er godt i gang.

Hovudkomiteen i Markane IL for Hovedlandsrennet 2014 på Ullsheim og i Bjørkelibakkane er i gang med planlegginga.

Dette er eit kjempearrangement for 15- og 16-åringar med konkurransar i langrenn, hopp, kombinert og skicross. På Savalen vinteren 2013 deltok omlag 1.000 utøvarar.

Markane IL står som arrangør for heile meisterskapen. Det vil seie at tenester vert kjøpt inn frå IL Veten for å kunne avvikle hopp og kombinert.

Hovedlandsrennet 2014 vert avvikla i perioden 28. februar - 02. mar.