Hopp til innhold

Helsing frå ordføraren

Velkomen til Fagre Stryn.

Stryn kommune er stolt av å kunne på nytt få vere vertskommune for ein stor idrettsmeisterskap.

Spesielt fint er det at dette er ein meisterskap som samlar ei stor mengde ungdom i alderen 15 til 16 år, med konkurransar i langrenn, hopp, kombinert og skicross.

Ungdom som set kvarandre stemne, og for mange kanskje årets høgdepunkt.

Markane IL står som arrangør for heile meisterskapen, med god støtte fra IL Veten som vil avvikle hopp og kombinert.

Eg som ordførar er svært imponert og stolt over Markane IL som igjen tek på seg eit stort arrangement. Noko klubben har lange tradisjonar for, og som dei tidlegare har gjennomført med glans. Eg er også glad for at det er eit tett samarbeid med IL Veten som står for gjennomføringa i Bjørkelibakken, eit flott og moderne hoppanlegg.

Det ligg mange dugnadstimar i eit slikt arrangement, og eg rettar ei stor takk til dei som meir eller mindre dag og natt står på for at dette skal bli ei oppleving for dei som kjem til kommunen vår.

Ein meisterskap som dette er god reklame for Stryn kommune. For mange som driv anna verksemd vil eit slikt stort arrangement bidra positivt. Lat oss alle difor på vår måte setje arrangementet inn i ei god og verdig ramme.

Som ordførar vil eg oppfordre alle som har høve til å kome ut til Ullsheim og Bjørkelibakken under arrangementet. Det er viktig at vi kan skape liv og røre ute i løypene, heie fram deltakarane slik at dei får ekstra motivasjon og kraft til å prestere, men også føle seg velkomen. Vi håpar alle at også Stryn kan by på seg sjølv utanfor løypene, slik at dette kan bli eit av årets høgdepunkt både for deltakarar, støtteapparat, arrangør og innbyggjarar.

Eg ønskjer alle lukke til med årets Hovudlandsrenn!

Sven Flo
Ordførar
Stryn kommune