Hopp til innhold

JR1 NM og FIS Jølster

Jølster Alpin må diverre avlyse FIS renna 11.-12. februar.

Bakgrunnen for dette, er at vinteren har vore særs krevjande på Vestlandet i år, og det har vore ein vinter prega av få snødøgn, og få kuldedøgn.

Bjørkelitraseen, som alle FIS renn har vore arrangert i, er det ikkje nok snø i. Kvamsbakken, som er den traseen som har vore oppvarmingstrase i føregåande år, er delvis åpen. Her har ein 3 homologerte punkt, men ikkje lang nok bakke til at ein når i desse.  

Basert på verprognosar framover, er det for usikkert om ein greier å få til trase, slik at ein når dei homologerte punkta i øvre del av anlegget.

Jølster Alpin vel å forholde seg til dei fristar som gjeld iht regelverket, der ein set sporten og løparane i fokus. Ein har hatt kontakt med Voss Alpin, med førespurnad om dei kan ta over avlyste arrangement i Jølster.

 

  • Hvor: Vassenden

Vassenden:

Bildegalleri