Hopp til innhold

Haukelirennet 9. april

Haukelirennet arrangeres 9. april, landslagsløpere på plass

Siste renn i Sør Norsk fjellkarusell Haukelirennet arrangeres 9. april.

Hjemmeside Påmelding Start/resultatlister

Rennet er 32 km og eit av dei få turrenna som går i fristil. I nydeleg fjellterreng ved inngangen til Hardangervidda kan du dobbeldanse saman med både mosjonistar, ungdommar og elite.

På startstreken i år finn me kjende namn som Astrid Uhrenholdt Jacobsen, Sjur Røthe, Ragnhild Haga, Pål Golberg og Sindre Bjørnstad Skar. I tillegg har to av våre lokale utøvarar frå Team Synnfjell, Runar Skaug Mathisen og Eivind Romberg Kvaale meldt seg klare for Haukelirennet.

Ungdomsklassa og mosjonsklassa startar saman med dei aktive i same startfelt.

Det er pengepremiar å vinne i både Statkraftspurten etter om lag 8 kilometer og i den krevjande SR-bakken som ligg i «målhenget».

Klokka 10.30 startar barnerennet der born frå 2 til 12 år startar i puljer saman med eliteutøverane.

Ta turen til Haukelirennet og bli med på skifest og «rein skileik» på solsida av Haukelifjell!